Kinn er eit vent namn. Det høvde godt for den gamle kommunen som bestod i varierande geografisk utstrekning frå 1837 til 1964. For ein eventuell konstruksjon som inkluderar noverande Flora og Vågsøy, vil «Kinn kommune» verta aldeles gale, og det er siste ordet i namnet som ikkje passar.

Ein kommune er pr. definisjon eit mindre administrativt område. Ordet kjem av fransk commune. Det vart til under den franske revolusjonen, men opphavet er latin og tyder felles eller sams. Då er det turvande å spørja om kor avgrensa Kinn er geografisk og kor mykje dei to adskilte delane har til felles? Språkøyret lyt vera særs kleint om ein ikke straks høyrer at noko skurrar. Er ein det minste oppteken av korrekt terminologi, lyt ein difor snøggast råd leita fram eit anna ord i lag med Kinn.

I Noreg har vi tre forvaltningsnivå der kommune er det lågaste. Berre få og helst særs små land har berre to. Eit døme er San Marino som med sine 61km2 er administrert gjennom ni kommunar for utan sentralmakta. Andre land, frå enorme USA til vesle Luxembourg, har fire forvaltningsnivå. Sistnemnde som berre er ein sjuandedel så stort som Sogn og Fjordane, er delt inn i 3 distrikt, 12 kantonar og 105 kommunar. Gjennomsnittskommunen er 24km2 og har 5000 innbyggjarar. Ellers i Europa er slik storleik også ganske normal.

Jamvel før regjeringa tok til med sine strukturreformer, var altså norske kommunar slett ikkje små målt mot andre land. Om dei blå-blå hadde fått fullt gjennomslag for planane sine, ville vi ha trona heilt i toppsjiktet av statistikken kva gjeld antal innbyggjarar, medan flatemålet hadde vorte så stort at vi hadde hamna heilt utanfor grafen. Vi låg rett og slett an til å verta ein ekstrem avvikar i Europa. Lukkelegvis vart mykje stogga av folkeleg motstand, men ein del stader ligg det diverre an til at vi får absurde einingar, særskilt på Vestlandet.

Ein kan saktens undra kva utlendingar vil seie til slikt noko som Kinn, til dømes turistane på Hurtigruta? Når dei legg til kai i Florø, vil dei tenkje at det var ein fin liten by og eit naturleg kommunesenter for øyane og fjordbygdene i kring. Det same vil dei tykkje om Måløy inntil dei får vete at alt høyrer til same kommune. «Kva i all verda; har dei ikkje lokaldemokrati i det her landet?», vil snøgt kunne verta eit nærliggande spørsmål. Sveitsarar vil kan hende lura på om det her er snakk om to halvkantonar slik Appenzell var før dei i 1999 vart fullverdige kantonar kvar for seg. Ein kikk på kartet synar at heller ikkje det høver. Dei to Appenzellane har jo lang felles grense, og under dei er det 26 kommunar på eit totalareal mindre enn berre Flora.

Køyrer du gjennom land som Tyskland, ser du landsby på landsby langs vegen, og du kan vera bra sikker på at alle over ein viss storleik er eigne kommunar. Tyskland har over 11.000 av dei. Eigentleg kan ein seie det omvendt. Det er nettopp av di det er eigne kommunar at landsbyane har vokse fram. Administrativ inndeling har enormt mykje å seie for korleis eit land vert sjåande ut etter kvart. Slik et det også i Noreg. Om ein del distriktskommunar har hatt nedgang i folketalet, har dei klart seg uendeleg mykje betre enn dei som leid vanlagnaden å verta stemoderleg handsama utkantar i storkommunar. Sjølv dei minste einingane har skule, barnehage og eldreomsorg medan det finns mange ekskommunar utan slike basistenester, ja jamvel ein ekskommune fri for folk.

Jamføring av eksisterande og tidlegare kommunesentra gjev liknande skremmande aha-oppleving. Hotellbrannen kan difor diverre verta eit sørgeleg forvarsel på lagnaden til Selje sentrum etter ei tid i den nye Stad kommu..,  orsak Stad eit eller anna. Selje sitt Nei til Vågsøy burde ha vore ei stadfesting av framleis sjølstende. Fridomstanker vart stogga av skremslane om med tvang å hamna under naboen i sør. Difor kakka dei seg heller «friviljug» på lag med Eid. Den samanslåinga er ein absurditet nestan like ille som Kinn og kvalifiserer heller ikkje til å kalla seg kommune.

Med Florø som storebror vil det vera eit reint under om ikkje også Måløy skulle mista offentlege arbeidsplassar etter kvart, og ringverknadane kjem fort. Kjøttvekta er ikkje å spøka med. Nærast som ein naturlov vert det som er stort større, og det som er lite mindre. Røynsla syner at lokal administrasjon har mykje å seia for samfunnsbyggjing, stads- og næringsutvikling. For å sukra pilla vert det snakka om delt kommunesenter. Javel, men kor ofte høyrer vi vel ikkje om kor naudsynt det er å utvida eller bygge nytt rådhus av di det er så uhøveleg for samhandlinga å ha etatar spreidde rundt i same by? Er det ikkje difor dei går med byggeplanar i Florø, og kva med ordføraren? Ein slik ombudsmann skal jo helst vera til stades i heile kommunen. Skal han eller ho fyka i løypestreng mellom dei to byane, eller lyt det kloning til?

Flora avslutta allereie våren 2016 sonderingar med naboane i Sunnfjord. Ikkje overraskande ville dei heller vera for seg sjøl enn å verta utkant i ein gigant med Førde som sjølvsagt sentrum. Ei samling på kysten ser dei meir ljost på uansett kor lite geografien spelar på lag. Imperialistisk tankegods er ikkje noko ukjent fenomen der dei tek mål av seg til å verta endå meir av eit regionsenter, og i Florø er det nok dei som ser seg tent med ein koloni ti mil pluss ei fergereise unna. Eit argument for ein kystkommune er at dei samla skal stå sterkare i kampen mot indre strok. Det er endå eit prov på korleis også det regionale samarbeidet lider under reformpsykosen. Alle freistar å posisjonera seg, destruktive krefter kryp fram og bygdestrid raser, for ikkje å snakka om den enorme energi-, penge- og tidstjuven dette er.

No vert det tilskipa folkerøysting i Vågsøy. Då bør det verta eit renn til vallokalet for å ropa eit rungande NEI til galskapen. Om då ikkje kommunestyre og Storting reverserer, lyt i alle høve språkrådet gripa inn. Kinn vert ein ein vanskapning og slett ingen kommune.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Vennligst skriv inn din kommentar!
Vennligst skriv inn navnet ditt her