Nærleik er i seg sjølv ein kvalitet. Når folk treng hjelp frå politi, helsevesen eller brann/redning er tidsfaktoren kritisk. Kvart minutt som går til hjelp er framme, kan vere avgjerande for utfallet. Vår geografi med lange avstandar gjer det derfor naudsynt med ein lokalt organisert og forankra beredskap, skriver Steinar Ness.

Dei siste åra har det skjedd ei stor sentralisering av politiet. Politiet er mindre til stades og mindre synlege i mange lokalsamfunn. Lokalkunnskapen er redusert. Politiet sitt førebyggjande arbeid er svekka. Dette skjer samstundes som politiet er tilført fleire stillingar. Frå 2014 til 2018 har tal stillingar auka med over 1500 politistillingar og over 1000 sivile stillingar.

Samarbeidande etatar som brann/redning og helse/ambulanse kjem først fram til ulykker og alvorlege hendingar, medan politiet kjem sist. 

Innanfor helse, legevakt og ambulanse skjer det også ei sentralisering som gjer at folk i mange lokalsamfunn opplever at tida har auka til dei får hjelp.

Den mest desentraliserte beredskapsetaten er brannvesenet. Dei er svært ofte først framme på ein ulykkesstad. Det er viktig at brannvesenet kjem fort fram, og dei gjer ein framifrå jobb. Vi kan likevel verken forlange eller forvente at deltids brannfolk skal kunne gjere arbeidet til både ambulansearbeidarar, legar og politi.

Politiet og ambulansetenesta overheld heller ikkje krav til responstid i mange politidistrikt og kommunar.

På spørsmål om kvifor brannvesenet kjem først, svarar politiet at det er på grunn av dei har ei anna organisering. Det er rett. Brannvesenet har ei lokal organisering, medan politiet vert sentralisert bort frå mange lokalsamfunn.
Den lokale beredskapen er viktig for dei som ikkje til dagleg bur i spreiddbygde strøk. Det hjelp lite å bu 10 min unna sjukehus i Oslo eller Trondheim dersom ein dei kjem ut for ei ulykke eller vert innesperra i ein tunell på Vestlandet. Alle er avhengige av den lokale beredskapen og at hjelp kjem fram fort. Tidsfaktoren vil alltid vere kritisk.

Les hele saken skrevet av Steinar Ness (bildet) ved å klikke på denne lenken.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Vennligst skriv inn din kommentar!
Vennligst skriv inn navnet ditt her